Nytt Vetenløp laurdag 7.juli 2012
TakkVi rettar ei stor takk til alle som deltok på Vetenløpet 2011, både konkurranseløparar, mosjonistar og publikum, som alle gjorde sitt til at Vetenløpet også i år vart den folkefesten vi hadde håpa på.Tusen takk også til alle som jobba dugnad både før og under Vetenløpet 2011, til Svelgen Røde Kors og til Havly som stilte opp med mat og drikke ved Grotlesanden. Sist, men ikkje minst, ei stor takk til alle sponsorane våre; utan dykk kunne vi ikkje gjennomført Vetenløpet. |
| 08.08.2011 |
Flott utvikling av løyperekordarI dameklassa er det blitt sett ny løyperekord kvart år sidan Anne Marie Heienberg frå Rådal vann det første Vetenløpet i 2005. I 2006 deltok Merete Helgheim for første gong og slo den gamle rekorden med 1 min, for deretter å dominere Vetenløpet dei 3 neste åra med nye bestetider på bestilling. I 2010 stilte fleire av dei beste i landet til start og May Britt Buer senka den forrige rekorden med 31 sek. I år gjorde Tuva Toftdahl Staver eit kjempeløp i ei våt løype og senka rekorden med nye 16 sek, og vann ganske klart. Sjå tabellen til høgre med utviklinga av løyperekorden i dameklassa. |
Vetenløpet 2005-2011
| ||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 15.07.2011 |
Bilete frå Vetenløpet 2011Her er nokre bilete frå årets løp. Det vert lagt til fleire etterkvart som vi får inn nye. Dersom nokon har foto frå årets arrangement som dei ynskjer å dele kan dei sendast til foto@vetenlopet.no, og så legg vi dei ut.Klikk her for å sjå bileta Sjå også stor biletsamling frå firdaposten.no |
Stort bilde
Forstørr biletet av Staver:
|
| 10.07.2011 |
Vetenløpet 2011 vart vunne av Staver og DjupvikTuva Toftdahl Staver vann dameklassa på tida 33.29 som er ny løyperekord. Dette var imponerande i den våte og tunge trassèn. Nr 2 og 3 vart Therese Sjursen og Merete Helgheim. På herresida var det Roger Aa Djupvik som var raskast på tida 27.43, på dei neste plassane følgde Joel Dyrhovden og Arve Rindal.Klikk her for å sjå resultatlista I konkurranse var det registert 87 deltakarar i mål av 93 påmelde.I mosjon var det registrert 321 deltakarar, men oversikt over kor mange som var til topps har vi ikkje tal på endå. Men eit deltakartal på rundt 400 er vi fornøgd med sidan det var ein svært grå og regnfull start på dagen. I god tid før konkurranseløparane nådde toppen hadde skodda letta og vêret vart flott resten av dagen. Alt i alt ein vellykka dag på Veten med mange fornøgde deltakarar. |
| 09.07.2011 |
VêrutsikterDei siste vêrmeldingane for laurdag 9.juli ser rimeleg bra ut, men husk å pakke med dykk varme, vind- og regntette kle, for vêret kan fort slå om. Spesielt er det viktig at foreldre har med eit ekstra sett kle (ull/fleece + regn/vind-jakke) for barna sine slik at dei kan få på seg tørt oppe på Veten.Dei første konkurranseløparane er venta i mål ca kl 13.25 og dei fleste er nok i mål til kl 14.00. Flott om flest mogleg av mosjonistane er på toppen og heiar dei i mål. Premieutdelinga vert nede ved servicebygget på Grotlesanden kl 16.00. Konkurranseløparane må hugse på å ha med sekk som skal vege 2,5 kg (fortrinnsvis fylt med varme kle). Klikk her for å sjekke vêrvarselet for Veten |
| 08.07.2011 |
Påmeldingsliste med startnummerNår nettpåmeldinga vart stengt torsdag kveld var det påmeldt 77 i konkurranse og 172 i mosjon. Det er forsatt mogleg å melde seg på ved klubbhuset fredag mellom kl 18.00 til 22.00 eller på Grotlesanden laurdag frå kl 09.00 til 11.00 (konkurranse fram til kl 12.00).Dei som er førehandspåmeldt kan finne startnummeret sitt i påmeldingslista. Startnummer kan hentast på klubbhuset fredag eller ute på Grotlesanden laurdag. Her blir det også utdeling av t-skjorter og kornprodukt frå Axa. Vi oppmodar om at dei som har anledning til det hentar startnummer på fredag. 07.07.2011 |
Buer og Sundby til Em i motbakkeløpMay Britt Buer og Øyvind Heiberg Sundby har gjort det så bra i år at dei er uttekne til Em i motbakkeløp i Tyrkia 10.juli, og må av den grunn melde fråfall til Vetenløpet. Dermed vert Vetenløpet 2011 avvikla uten 2 av dei største medaljekandidatane på førehand.Vi ønsker dei lykke til i Em, og håper dei stiller til start i Vetenløpet neste år med nye medaljar i premieskapet. 06.07.2011 |
Stort bilde
Forstørr biletet:
|
Pengepremiar til alle klassevinnararI år vert alle klassevinnarar premierte med kr 500,-. Kvinner og menn vert delt inn i 11 ulike klassar kvar. Her er ei oversikt over klasseinndelinga:D15-16, D17-22, D23-34, D35-39, D40-44, D45-49, D50-54, D55-59, D60-64, D65-69, D70+. H15-16, H17-22, H23-34, H35-39, H40-44, H45-49, H50-54, H55-59, H60-64, H65-69, H70+. 29.06.2011 |
Vinnartrio klar til startDei 3 jentene på pallen i fjor er også i år klar for start i Vetenløpet som vert arrangert for sjuande gong. Både fjorårsvinnar og løyperekordhaldar May Britt Buer (bilete), Merete Helgheim og Tuva Toftdahl Staver er alle påmeldt. Dei 3 har begynt motbakkesesongen bra og er i god form, så kanskje blir det ny løyperekord også i år?27.06.2011 |
Stort bilde
Forstørr biletet:
|
Regjerande norgesmeister deltek på VetenløpetNorgesmeister i motbakke 2010 Øyvind Heiberg Sundby deltek på Vetenløpet 2011. 27-åringen frå Leikanger, som representerer IK Tjalve, har i fleire år vore ein av dei beste motbakkeløparane i landet. Sundby har også delteke for Norge i både EM og VM i motbakkeløp, og det er andre gong han stiller til start på Vetenløpet.10.06.2011 |
|
Maks 100 deltakarar i konkurranseklassenI mosjonistklassa vert det inga øvre grense i tal på deltakarar, vi håpar sjølvsagt at flest mogleg tek turen opp til Veten for å lage den unike stemninga det er på toppen når konkurranseløparane kjem til mål. Utan alle dei spreke mosjonistane som stiller opp år etter år, hadde det ikkje vore den same flotte ramma rundt løpet. Minner om at kontingenten aukar med kr 50,- etter 5.juli. Dette gjeld ikkje barn i mosjonistklassen. Vel møtt på Veten laurdag 9.juli. 27.05.2011 |
Vetenløpet 2011 nærmar segVi har opna påmeldingssidene, og ser fram til nytt Vetenløp laurdag 9.juli. Vetenløp-dronninga Merete Helgheim med 4 sigrar er påmeldt. Ho er den einaste utøvaren som har vunne vandrepokalen til odel og eige.Deltakarliste over førehandspåmelde vil bli lagt ut etterkvart som innbetalingar er registrert, men det er også laga til ei hending for Vetenløpet 2011 på Facebook. Klikk her for å gå til Vetenløpet 2011-eventen Klikk her for å melde deg på Vetenløpet 2011 |
Bilete frå Vetenløpet 2010Klikk her for å sjå bilete på firdaposten.no |
VinnarlisterVetenløpet 2010 vart ein suksess med mange deltakarar, og veldig gode prestasjonar.May Britt Buer frå Hovland blei beste deltakar blant damene på tida 33.45 som er ny løyperekord medan John Sombol frå Kenya fekk bestetid blant herrane for andre år på rad med tida 25.35, kun 7 sek bak sin eigen løyperekord. Her kan du laste ned vinnarlistene for konkurranseklassen. Klikk her for å laste ned resultatlista |
PåminningHusk å pakke med dykk varme, vind- og regntette klede, for veiret kan fort slå om.Konkurranseløparane må hugse på å ha med sekk som skal vege 2,5 kg (fortrinnsvis fylt med varme kle). Klikk her for å sjekke vêrvarselet for Veten |
Jamn konkurranse med mange duellar om medaljaneDet er påmeldt mange sterke motbakkeløparar både i herre- og dameklassa til årets Vetenløp. Mange av desse har dominert motbakkeløpa dei siste åra.Blant damene er mellom anna May Britt Buer og Merete Helgheim påmeldt. Desse var nr. 1 og 2 i seniorklassa for NM i motbakkeløp på Voss i helga. I tillegg stiller Tuva Toftdal (ski-landslaget) som vant Ulrikken Opp tidlegare i sommar. Også Elisabeth Hildenes frå Eid stiller, ho vant NM-bronse i juniorklassa for motbakkeløp. Det same gjer tidlegare Noregs-meister i maraton Audhild Hestad frå Førde, i lag med fleire andre sterke jenter og damer. På herresida har også fjorårsvinnar John Sombol frå Kenya meldt seg på. Han får sterk konkurranse frå mellom anna Tarjei Bø, Arve Rindal og motbakke-kometen Asbjørn Berland. Vetenløpet 2010 ser ut til å bli ein jamn konkurranse med mange duellar om medaljane”. |
![]()
![]() |
OL-gull vinnar deltek på VetenløpetSkiskytaren Tarjei Bø frå frå Stryn deltek på Vetenløpet 2010. Han har delteke på Vetenløpet to gongar før, i 2005 og 2007. I 2007 gjekk han heilt til topps, med Arve Rindal på andre plass og Odd Bjørn Hjelmeset på tredje. Tarjei var med på det norske stafettlaget i skiskyting, som tok gull under siste OL i Vancouver. Han blir rekna som storfavoritt i herreklassen på Vetenløpet 2010. |
![]() |
Påmeldingslista er lagt utVi har lagt ut påmeldingslista for i år. Lista vil bli oppdatert tre ganger i veka. I veka før løpet vil lista bli oppdatert dagleg. |
Merete deltek på Vetenløpet 2010Merete Helgheim deltek på Vetenløpet 2010. Motbakkeløparen frå Deknepollen er den deltakaren som har vunnet flest vetenløp, og ho er eigar av vandrepokalen. Merete har nettopp vunnet NM-sølv i motbakkeløp, og for ikkje lenge sidan vann ho NM-gull i kappgang. Vi gratulerer!Les meir om NM-gullett på NRK Sogn og Fjordane sine heimesider |
![]() |
Vetenløpet på FacebookVetenløpet kan du no finne på Facebook også.Klikk her for å gå til Vetenløpet 2010-eventen Klikk her for å gå til Vetenløpet-gruppa |
Nye konkurranseklassar for Vetenløpet 2010Dei nye klassane er som følger:D15-16, D17-22, D23-34, D35-39, D40-44, D45-49, D50-54, D55-59, D60-64, D65-69, D70+. H15-16, H17-22, H23-34, H35-39, H40-44, H45-49, H50-54, H55-59, H60-64, H65-69, H70+. Klikk her for meir praktisk information Klikk her for å melde deg på Vetenløpet 2010 |
Vetenløpet 2010 nærmar segVi har åpna påmeldingssidene, og gledar oss veldig til nytt vetenløp.Klikk her for å melde deg på Vetenløpet 2010 |
Bileter frå Vetenløpet 2009Vi har lagt ut nokre bileter frå Vetenløpet 2009. Vi kjem til å legge ut fleire i løpet av veka. Dersom du har bileter som du synes bør vere med, kan du sende desse til foto@vetenlopet.no så legger vi dei ut.Klikk her for bileter frå Vetenløpet 2009 |
Både løype- og deltakarrekord også i år!Også i år blei Vetenløpet ein knallsuksess. Deltakarane frå Kenya gjorde reint bort med tre mann på dei første 3 plassane. Det blei satt ny løyperekord, heile to minutter raskare enn den forrige. Det blei også satt ein solid deltakarrekord. 101 konkurranseløparar kom til mål og ca. 510 starta i mosjonklassen.Klikk her for å sjå resultatlista for konkurransedeltakarane. Fleire oppdateringar samt bileter og lister over mosjonsdeltakarar kjem i løpet av dei nærmaste dagane. |
![]()
![]() |
Påmelde til Vetenløpet pr. 10/07/09 kl. 07:00Konkurranseklassen: 83Mosjonsklassen: 258 Totalt: 341 |
Påmeldingslista for Vetenløpet 2009Påmeldingslista ligg no på nettsidene. Den blir foreløpig oppdatert ein gang i veka basert på betalte påmeldingar. Oppdateringane vil komme mykje oftare når 11. juli nærmar seg.Klikk her for Påmeldingslista for Vetenløpet 2009 |
Oddbjørn og Merete deltek på Vetenløpet 2009.Odd Bjørn Hjelmeset er klar for Vetenløpet 2009. Han har delteke på alle løpa tidlegare, og det er kjempekjekt og viktig for oss at han kjem att også i år. Han har vunne Vetenløpet to gongar, i 2005 og 2006, og er i år favoritt til å ta sitt tredje napp i vandrepokalen.Vi er også veldig glade for at Merete Helgheim har sagt ja. Ho har vunne Vetenløpet tre gongar, og fekk vandrepokalen til odel og eige i fjor. Ho er også favoritt i dameklassen. |
![]() |
Årsmelding 2008Klikk her for å laste ned årsmeldinga... |
Jon Tvedt (1966 - 2009).Søndag 11. januar mottok vi den triste bodskapen om at motbakkeløparen Jon Tvedt er død. Jon deltok på Vetenløpet i 2008, og kom i mål på den raskaste tida nokon gang.Styret i Vetenløpet har vedtatt å heidre Jon ved å gje kr. 1000,- til minnefondet som er oppretta i hans namn. Nedanfor er ein link til ein hyllest til Jon som er laga av Mary Rye. Mary, møtte Jon på toppen av Eggenipa i 2008 og blei svært imponert over idrettprestasjonane og personligheten hans. Link til video |
![]()
![]() |
Nye premiar for Vetenløpet 2009For Vetenløpet 2009 blir premiane auka til:1. premie: 10.000 2. premie: 5.000 3. premie: 3.000 Løyperekord: 7.500 |
Bileter frå Vetenløpet 2008Bileter frå Vetenløpet 2008 ligg no ute på nettsidene.Klikk her for å sjå biletene |
Rekordår for Vetenløpet 2008Vetenløpet 2008 vart eit suksess, og det blei satt rekordar både i kvinne- og herreklassen. I tillegg blei det satt endå ein ny deltakarrekord med rundt 500 deltakarar.Merete Helgheim frå Måløy sette ny løyperekord for kvinner med tida 34.35, og med tredje siger i Vetenløpet fekk ho vandrepokalen til odel og eige. Også for herrene blei det satt rekord. Jon Tvedt, ein av verdas beste motbakkeløparar, kom i mål på 27.32, den raskaste tida på Vetenløpet nokon gang. Resultatlistene finner du ved å klikke her. |
![]() ![]() |
Startlista for Vetenløpet 2008Startlista ligg no på nettsidene11. juli 2008: Konkurranseklassen: 49 påmeldte Mosjonsklassen: 243 påmeldte Klikk her for startlista for Vetenløpet 2008 |
Jon Tvedt deltek på Vetenløpet.Motbakkeløpar og noregsmeister Jon Tvedt deltek på Vetenløpet 2008. Tvedt har ei lang karriere både som orienterings- og motbakkeløpar. Han er no ein av dei beste motbakkeløparane i verda. |
|
Løypeprofil - Vetenløpet.Klikk her eller på forstørrelsesglaset for å sjå stort bilete av løypeprofilen til Vetenløpet. |
![]() |
Vetenløpdans i Bremangerhallen.Dansebandet Steinar Engelbrektson Band spelar i Bremangerhallen på Vetenløpdagen, 12. juli. Bandet har blant anna fått ei av topplasseringane i tv-programmet "NM i Danseband". Meir informasjon om bandet kan de finne herDørene opnar kl. 2100 CC: 250,- |
![]() |
Oddbjørn Hjelmeset deltek på Vetenløpet 2008.Skiløparen frå Sogn og Fjordane har vore med alle dei fire åra som Vetenløpet har blitt arrangert, og han innehar løyperekorden. I 2007 vart Hjelmeset av folket kåra til Årets namn i norsk idrett i 2007, og prisen vart delt ut på NRK under idrettsgallaen i Hamar OL-amfi. |
![]() |
Ny leiar i Vetenløpet!Annbjørg Hauge Nygård er valt til ny leiar for Vetenløpet. Ho erstattar Kirsten Grotle som har vore leiar sidan starten i 2005. |
|
Takk!Vi rettar ei stor takk til alle som var med på å gjere 07.07.07 til ein minnerik dag i Bremanger.Deltakarar; store og små, konkurrerande og mosjonistar. Hjelparar; løypemerkarane, dei som jobba med startpakkane, utdelarar av startnummer, drikke, banan og medaljar, tidtakar og vakter. |
|
| Røde Kors, med sin kompetanse, gjer det tryggare for oss alle andre. Ei ekstra takk til dei som synte omsorg og hjelp med sin medisinske kompetanse, då det trongs som mest.
Airlift og medhjelparen nede i bygda som frakta folk til og frå Veten. Kunstnaren som lagar premiane våre. Sveledamene som sytte for god mat og drikke og Havtrekkjen som ordna underhaldning mens vi venta på premieutdelinga. Utan støtte i form av økonomisk bidrag og andre gaver, ville det vere vanskeleg å gjennomføre eit slikt stort arrangement - så tusen takk til alle dykk! Takk òg for god omtale i Fjordenes Tidende og Firdaposten. Tusen takk til grunneigarane og de som flagga denne dagen. Helsing arrangementkomiteen for Vetenløpet - frå fjære til fjell - 2007. |
|
Deltakarrekord i Vetenløpet 2007Merete Helgheim frå Måløy sette løyperekord for damer med tida 35,05.Junior-verdsmeister i skiskyting 2006, Tarjei Bø frå Stryn, vart den raskaste under Vetenløpet 2007 då han passerte målstreken med tida 29,48. Oddbjørn Hjelmeset som vann herreklassen i 2005 og 2006 var ikkje heilt restituert etter eit sykkeluhellet, men kom på 3.plass med tida 31.58. 426 påmelde fekk ei flott oppleving, og var samtidig med å sette deltakarrekord for Vetenløpet. Klikk her for resultatlista for Vetenløpet 2007 Klikk her for bileter frå Vetenløpet 2007 |
|
Sterk debut for 17-åringMari Torvanger fekk ein sterk debut under Vetenløpet. Ho kom inn som den 3. raskaste dama med tida 40,53. |
|
Tryggleik er viktigVetenløpet har sjølvsagt mannskap klar til å hjelpe dersom nokon blir skada. Helikopter er tilgjengeleg, og andre ganger tar ein i bruk andre løysingar slik som då denne skada deltakaren blei frakta ned frå fjellet. (Det gjekk bra med begge to) |
|
07. juli kl. 0830: Alt ligg til rette for suksess!Vêrvarselet viser sol, 20 grader og lite vind, og alt ligg dermed til rette for eit strålande Vetenløpet 2007. |
Hjelmeset deltek til tross for sykkeluhellVi fått beskjed om at Odd-Bjørn Hjelmeset kjem. Han spring i konkurranseklassa, men denne gongen for å delta, ikkje for å vinne. Han er ikkje heilt restituert etter sykkeluhellet han hadde. |
Påmeldingslista for Vetenløpet 2007Påmeldingslista for 2007 ligg no på nettsidene, og dei blir oppdaterte annan kvar dag.6. juli 2007: Konkurranseklassen: 69 påmeldte Mosjonsklassen: 220 påmeldte Klikk her for påmeldingslista for Vetenløpet 2007 |
Hugs ekstra kler!Vi minner om at fjellet kan vere lunefullt og vêret skifter fort. Ta alltid med ekstra kler i tilfelle vind og regn. |
![]() |
Utfordrar damer til VetenløpetFørebels har rundt 200 meldt seg på Vetenløpet til helga. No utfordrar løpsleiar Kirsten Grotle fotballspelarar og damer i 40-åra om å melde seg.Les meir på firdaposten.no |
Utfordrar HjelmesetOdd-Bjørn Hjelmeset har vore den suverent raskaste under dei to siste Vetenløpene. I år møter han imidlertid sterk konkurranse frå ein annan verdsmeister. Tarjei Bø frå Stryn vann gull under junior-VM i USA i 2006. Bø deltok på Vetenløpet 2005 med neste beste tid etter Hjelmeset, og det er venta eit kappløp mellom dei to nordfjordingane.Les meir om Tarjei Bø her... |
![]() |
Helikoptertur til VetenOgså i år kan du ta turen til Veten med helikopter frå Airlift. Turen går frå Iglandsvik og kostar kr. 350 ein veg, og kr. 700.- tur/retur. |
![]() |
Odd-Bjørn Hjelmeset klar for Vetenløpet 2007Sidan han sette løyperekord under Vetenløpet i fjor, har skikjendisen frå Sogn og Fjordane blitt verdsmeister då han tok sitt første individuelle VM-gull under VM i Sapporo. I følge Nettavisen åpnar nordfjordingen for deltaking under OL i Vancouver i 2010.Les artikkel i Nettavisen... |
|
Årsmelding 2006Klikk her for å laste ned årsmeldinga... |
Planlegginga av Vetenløpet 7. juli 2007 er i godt i gang.
Med i planleggingskomiteen er Kirsten Grotle, Mary Moe, Terje Torvanger, Geir Hauge, Brita Elvevåg, Anne Liv Hauge, John Ove Bratseth, Helge Førde, Gunnar Skjølberg og Willy Svarstad. Kirsten Grotle held fram som leiar for gruppa
Medaljar for 2006
Dersom du ikkje har fått medaljen for Vetenløpet 2006 skal du ta kontakt med
PGP i Hafslo ved Randi Årøy Tlf 57682990
Løyperekord i vellukka Vetenløp 2006Odd-Bjørn Hjelmeset og Merete Helgheim sette begge løyperekord i det vellukka Vetenløpet 2006. Av 400 deltakarar var over 350 av desse med i mosjon- eller konkurranseklassen.Klikk her resultatlista til konkurranseklassen Klikk her startlista til mosjonklassen Klikk her for bileter frå 2006 |
|
Alt klart for Vetenløpet 2006Over 250 påmeldte er klar for Vetenløpet på laurdag. Desse er fordelt på 190 i mosjonsklassen og 60 i konkurranseklassen. Seinare på kvelden blir dans på Havly med Spik Adel. |
![]() |
Hjelmeset klar for Vetenløpet 2006Etter å ha vore den raskaste i det første Vetenløpet i fjor, er skikjendisen Odd-Bjørn Hjelmeset på nytt klar til å delta i 2006. |
![]() |
Nytt Vetenløp i 2006Laurdag 8. juli 2006 arrangerer Bremanger Idrettslag på nytt Noregs vestlegaste fjelløp - "Vetenløpet - frå fjære til fjell". Det er andre gang Vetenløpet går av stabelen etter at fjoråret blei ein suksess med nesten 400 deltakarar. |
![]() |
Sommarens vakraste sportseventyr
Laurdag 09. juli 2005 fekk nesten 400 deltakarar oppleve det aller første Vetenløpet.
Løpet blei ein strålande suksess, og Bremanger Idrettslag gledar seg til å arrangere nytt løp i 2006.
Firdaposten sitt fotoalbum...
Hjelmeset kasta glans over VetenløpetOdd-Bjørn Hjelmeset, den største skikjendisen i Sogn og Fjordane, var ikkje uventa den raskaste i det første Vetenløpet. Han sprang frå Grotlesanden til topps på godt under halvtime.Les artikkel i Firdaposten... |
Årsmelding 2005Klikk her for å laste ned årsmeldinga... |
Premiar
- Kr 10000
- Kr 5000
- Kr 3000
























