
Ludvigsen og Hildenes til topps
På herresida var det førehandsfavoritten Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som sigra på 26,35 i ei våt og tung løype med god margin til Joel Dyrhovden på 28,25 og Sindre Hoff på 29,39. Blant damene imponerte Elisabeth Hildenes frå Nordfjordeid med å ta sin første siger i Vetenløpet på den sterke tida 33,48 framfor Merete Weng på 34,37 og Anita Håkenstad Evertsen på 36,09. Tidlegare bestetid på Hildenes var på 35,55 i 2009. Resultatlistene finn du her.
Årets løp som vart gjennomført i grått veir med regnbyger og skodde samla likevel 371* deltakarar, noko vi som arrangør er svært fornøgd med. I konkurranse fullførte 103 deltakarar mens det var påmeldt 268 mosjonistar (*ikkje alle desse starta).
Biletet over viser topp 3 kvinner og menn. Til venstre Elisabeth Hildenes, Merete Weng, Anita Håkenstad Evertsen, Sindre Hoff, Joel Dyrhovden og vinnar Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (heilt til høgre skimtar vi halvparten av leiaren i Vetenløpet Annbjørg Hauge Nygård).