Logg inn

vetenlopetLogo

Oppdatert statistikk 2016

Det vart ingen nye løyperekordar men det blei sett 2 nye klasserekordar i M 45-49 og M 70-74, samt fleire personlege rekordar.

I M 45-49 sprang Dag-Henry Nilsen frå Varegg Fleridrett inn på tida 32,46, som var ei forbetring med 8 sek på tida til Jan Arve Solheim frå 2009. Vetenløpets kanskje sterkaste prestasjon kom i M 70-74 der Birger Normann Hanstveit som representerer Mjøsdalen IL knuste den forrige bestetida med over 4 minutt og brukte 44,08 frå Grotlesanden og opp på Veten. Også Olaf Ellefsen, Stavanger Triathlon Klubb var under den forrige rekorden som Reidar G. Huus frå Florø hadde på 48,25.

Av dei 81 mennene som kom til mål registrerte vi 28 nye navn, og av dei 53 som hadde delteke tidlegare sette 12 ny pers. Vi hadde 12 nye damer til start av totalt 22, og 4 av dei 10 som har delteke tidlegare sette nye personlege rekordar. Også i mosjonsklassa var det mange nye deltakarar men har vi ikkje fått full oversikt endå.

Oversikta over  klasserekordar og adelskalender er no oppdatert. Av dei som forbetra tidene sine i 2016 var det Elisabeth Hildenes som klatra mest i dameklassa og ligg no på femte-plass med tida 33,48. Ingen av herrane på pallen forbetra tida si år men fjerdemann i mål Sverre Nesdal Aske i H 40-44 sprang inn til ny pers på 31,03 og plass nr 22 på adelskalendaren.