Påmelding 2017
Påmeldinga til Vetenløpet laurdag 8.juli er godt i gang, og plakatar/brosjyrer er trykt opp. For å komme direkte til påmelding kan du klikke her.
Også i år vert det puljestart i konkurranseklassa, der dei som reknar med å bruke over 40 minutt startar i Pulje 1 kl 12.30 i tillegg til alle i klasse D/H 15-16 og D/H 70+. Pulje 2 med start kl 13.00 er for dei med forventa sluttid under 40 minutt. I fjor var desse 2 puljene om lag like store.
Mosjonistane har flytande start frå 11.00, men må vere passert målstreken før dei første konkurranseløparane kjem i mål (ca frå kl 13.05 og utover). Alle deltakarar både i mosjon og konkurranse får startnummer med integrerte elektroniske brikker som registrerer tid for konkurranseklassa og passering målgang for mosjonistane.
Kart over trasèen og startområdet er lagt ut på GOOGLE MAPS