Logg inn

vetenlopetLogo

Kick-Off fredag kveld

I år blir det Kick-Off kvelden før Vetenløpet, nærare bestemt fredag 7.juli kl 20.00 på Hauge Skule. Til å halde foredrag har vi fått Thorbjørn Ludvigsen og Amanda Nygård. Det blir i tillegg enkel servering, og fri inngang.

Ein av norges aller beste motbakkeløparar Thorbjørn Ludvigsen tar ein bolk om trening og eigne erfaringar først. Thorbjørn har løyperekord i mange motbakkeløp og har også tatt NM-gull. På Veten har han vore suveren dei 2 åra han har delteke, og har den nasjonale rekorden på 25.50.

Bremanger-jenta Amanda Nygård skal snakke om fysisk aktivitet og kosthald. Amanda har Medicin master i folkehelsevitenskap og Bachleor i folkehelsearbeid med vekt på fysisk aktivitet og ernæring.

Dette seminaret er eit sambarbeid med ein av hovudsponsorane våre, Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi håper flest mogleg kjem på denne samlinga og får med seg litt av den kunnskapen Amanda og Thorbjørn deler med oss.