Buer og Ludvigsen vant
Førehandsfavorittane May Britt Buer, Gular og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Skanska innfridde og tok kvar sin klare førsteplass. Alle resultat her. Buer tok sine fjerde siger i Vetenløpet og sprang i mål på sterke 32.56 som er ny klasserekord i D 40-44. Andreplassen gjekk til Therese Sjursen, BFG Bergen Løpeklubb på 35.26 mens Christina Ellefsen Hopland, Varegg Fleridrett tok bronseplassen på 36.00. Ludvigsen vart historisk i Vetenløpsamanheng med å ta sin tredje strake siger i Vetenløpet og vart dermed første herreløpar som tok vandrepokalen til odel og eige. Andreplass gjekk i år som i fjor til Joel Dyrhovden, Samnanger IL på 28.26 og tredjeplassen gjekk til Sondre Øvre-Helland, Viking som deltok for første gong og fekk tida 29.57.
I tillegg til May Britt Buer sin klasserekord fekk vi også følgande nye klasserekordar:
- H 50-54: Jan Arve Solheim, Florø T og IF på 34.50
- D 60-64: Norunn Stavø, Florø T og IF på 41.07
- D 65-69: Liv Berge, Åheim IL på 55.16
- H 75-79: Lars Håheim, Olsvik IL på 58.44
I alt 74 konkurranseløparar fullførte det trettande Vetenløpet lag med 253 registrerte mosjonistar. Totalt 333 påmelde er ein nedgong i høve tidlegare år men brukbart med tanke på dårlege vêrmeldingar dagane før Vetenløpet. Takk til alle som stilte opp og gjorde Vetenløpet til nok ein suksess!!