Dvergsdal og Ludvigsen vant
Førehandsfavorittane Eli Anne Dvergsdal, Varegg Fleridrett og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Varegg Fleridrett innfridde og tok kvar sin klare førsteplass under Vetenløpet 2018. Alle resultat her. Til tross for nær optimale forhold og forventningar om tider som nærma seg dei gamle løyperkordane vart det tungt både for Thorbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal, sistnevnte kjende forsatt EM-fjelløpet i beina og var ikkje heilt restituert. Men sjølv på ein ikkje heilt topp dag for 2 av dei aller største motbakkeprofilane i Norge heldt det til kvar sin klare siger.
Dama som har vore flest gongar på pallen under Vetenløpet, derav 4 sigrar, Merete Helgheim (Gloppen Friidrettslag) tok andreplassen på 36,22 og knappe 2 minutt bak der igjen kom Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy i mål på tida 38,21. På herresida sette Vegard Holsen frå Førde solid pers med tida 29,35 framfor Ole Martin Erdal, Førde Il-Friidrett på tida 29,42 som var identisk med vinnartida hans frå 2014.
Sjølv om det vart ingen klasserekordar i junior- og seniorklassane vart det heile 5 nye klasserekordar blant veteranane, og den som kanskje imponerte mest av alle deltakarane var 75 år gamle Birger Normann Hanstveit som sprang frå Grotlesanden til Veten på 44,54 i klasse 75-79.
I tillegg fekk vi følgande klasserekordar:
H45-49: Jann Olav Tjønneland - 32,41
D60-64: Norunn Stavø - 40,54 (hadde også den gamle)
H60-64: Magnar Solheim - 35,42
H65-69: Harald Nygård - 39,18
I alt 77 konkurranseløparar fullførte det trettande Vetenløpet lag med 264 registrerte mosjonistar. Totalt 345 påmelde er ein liten auke i høve til i fjor. Takk til alle som stilte opp og gjorde Vetenløpet til nok ein suksess, både deltakar, frivillege, Svelgen Røde Kors, grunneigarar på Grotle og alle sponsorane!!
Eli Anne Dvergsdal i mål på 34,01 (foto Svenn Petter Kjerpeset)
Ludvigsen i mål på 27,47 (foto Svenn Petter Kjerpeset)
Birger Normann Hanstveit (75 år) i mål på 44,54 (foto Linda Hanstveit)
Luftig parti ved Olasteinen (foto Siw Persson)
Pulje med start 12.30 er begynt å komme i mål (foto Svenn Petter Kjerpeset)