Påmelding og info 2019
Førebuingane til Vetenløpet laurdag 13.juli er godt i gang, og plakatar/brosjyrer er trykt opp. For å komme direkte til påmelding kan du klikke her.
Også i år vert det puljestart i konkurranseklassa, der dei som reknar med å bruke over 40 minutt startar i Pulje 1 kl 12.30 i tillegg til alle i klasse D/H 15-16 og D/H 70+. Pulje 2 med start kl 13.00 er for dei med forventa sluttid under 40 minutt. I fjor var desse 2 puljene om lag like store.
Mosjonistane har flytande start frå 11.00, men må vere passert målstreken før dei første konkurranseløparane kjem i mål (ca frå kl 13.05 og utover). Alle deltakarar både i mosjon og konkurranse får startnummer med integrerte elektroniske brikker som registrerer tid for konkurranseklassa og passering målgang for mosjonistane.
Det blir opning av den nye dagsturhytta "Vetehytta" under Vetenløpet og då vert premieutdelinga rett etter løpet oppe på toppen av Veten, ca kl 14.00. Skulle det vise seg å bli veldig dårleg vêr vert premieutdelinga vurdert flytta ned til Grotle. Det vert også ein liten familekonsert på Veten kl 12.30 i samband med opninga i tillegg til ein liten kiosk.
Her kan ein sjå video frå fjorårets løp.
Kart over trasèen og startområdet er lagt ut på GOOGLE MAPS