Logg inn

vetenlopetLogo

Om Veten

Stien til Veten går i to høgdeetappar. Første kneika med jamn bratt stigning endar i Grolsdalen på ca 300 m.o.h. Så er det ein knapp kilometer med flatt terreng før neste bratte med 200 høgdemeter. Vetenplatået ligg altså på ca. 500 m.o.h. vardebrenning på VetenVardebrenning på Veten

I Noreg var vardebrenning ein måte å få gitt beskjeder på. Med passe avstandar, og gjerne på ei høgde, var det vardeplassar langs kysten. Dei låg som perler på ei snor. Hvis eit bål vart tent på plassen lenger framme, skulle ein sjølv gjere opp eld så fort som mogleg. Nestemann langs ruta tente så sitt bål. Slik gikk det heilt til beskjeden var komen fram til kongen eller til den høvdingen som skulle ha den.

I Heimskringla fortel Snorre: "Kong Håkon satte en lov for hele landet langs hele kysten og så langt inn i landet som det lengste laksen går... han delte det i skipreider, og skipreidene delte han i fylker. I hvert fylke var det fastsatt hvor mange skip det skulle være, og hvor store de skulle greie ut fra hvert fylke når det var budt ut allmenning, og allmenningen skulde da ha plikt til å greie ut, når det kom utenlandsk hær til landet. Med slikt oppbud fulgte det også at de skulde gjøre veter (ildvarder) på de høye fjellene, slik at en kunde se fra det ene til det andre. Og folk sier at på syv netter gikk hærbudet fra sønstre veten til det nordligste tinglaget på Hålogaland."

I eit skipreide skulle altså bøndene bygge, utruste, bemanne og halde ved like eit leidangsskip, holde naust til det og ha brenne ferdig på vardane i tilfelle krig. Magnus Lagabøtes testamente frå 1277 opererer med 279 skipreider. Det skal ha blitt bygt 768 vardestader langs kysten frå Båhuslen til Øst-Finnmark.

 

Vardevaktsystemet

Ved vardebrenning var innhaldet i melding avtalt på førehand, så brenninga var meir å sjå på som eit klarsignal eller ein stadfesting på at noko hadde skjedd. Til dømes at ein flåte av fiendens skip var på veg.

 

Krigshistoria:

 

TAUBANA

Under krigen fekk tyskarane bygd taubane opp på øvste høgda. Derfrå er det eit par kilometer ut på Veten. Nederste fundamentet for taubana ser ein like utanfor fjellgrinda ved Grotlesanden. Bana gjekk i to etappar. Først opp i Grolsdalen og ny bane derfrå og opp på platået. Taubana vart bygd for å frakte byggjemateriale og forsyningar til ein observasjonspost som tyskarane hadde på Veten. Bønder med hest og vogn vart utkommanderte til pliktarbeid for å utføre transporten. Det var uråd å komme opp stien med hest og vogn. Difor vart hjula tekne av vognene. Vogn og hjul vart så transporterte med taubana opp på høgda. Eigaren leia hesten opp stien. Frå øvste endestasjonen vart materiale og forsyningar køyrde dei to-tre kilometerane ut til Veten. Terrenget er flatt og mest utan stein, så det let seg godt gjere.

 

VAKTPOST PÅ VETEN

Under krigen hadde tyskarane vaktpost på Veten. Der vart sett opp ei vaktbu. Vaktbua var ei lita men godt utstyrt hytte. Pipa var laga av prefabrikerte støypte element. Støypejarnsomn vart frakta på plass. Taket var tekt med skiferheller. Pålar vart monterte og telefonlinje strekt opp. Der vart også bygd eit tre meter høgt fundament for skytestilling. Frå Veten hadde okkupasjonsmakta god utsikt over leia vest for Bremangerlandet. All trafikk inn Bremangerpollen hadde dei også kontroll på, likeeins båttrafikken sør for Måløy og inn Fåfjorden.


vetenmusikk liteMusikantar på VetenTurområdet Veten:

Området rundt "vetehytta" har vore mål for mange turar, både før og etter krigen. Vi har funne fram til bilete der musikklag, losje og vevkurs har arrangert turar og stemner på staden.

7. klasse våren 03

7kl lite7. Klasse på morgontur til VetenTidleg morgon på Veten. Ein sprek elevflokk som kvelden før arrangerte fotballkamp på Huseheia (521 moh). Etter overnatting på selet i Nøre bakkjen er dei no på morgontur til Veten.

Fjelltrim:

Sidan 1984 har BIL arrangert fjelltrim med postar på utvalde toppar på Bremangerøya. Ei av bøkene finn vi på Veten og enkelte fine dagar har det vore stor trafikk nettopp her. Vi kjenner òg til at ungdomskulen i bygda årvisst gjennomfører elevturar til Veten.

Fjelltrimmen 1995-2010