Praktisk informasjon
Fredag 12. juli 2019
Kl. 17.00 – 19.30:
Registrering og henting av startnummer i mosjonklassen ved klubbhuset til Bremanger Idrettslag på Hauge Stadion. Det vert også sal av Vetenløpet si tekniske t-skjorte til kr 150,-
Kl. 22.00: Påmelding konkurranse stenger. Ingen etterpåmelding, men mosjonsklassen er open fram til start.
Laurdag 13. juli 2019:
Kl.09.00– 11.30: | Registrering og henting av startnummer ved Grotlesanden. OBS! Påmelding kan gjerast på nett før ein hentar startnummer. Dårleg mobildekning kan føre til langsam registrering og kø. Dei som er førehandspåmeldt kan gå rett til kø for henting av nr. |
Kl.10.30 | Kiosken opnar i teltet på parkeringsplassen ved servicebygget (sveler, kaffi, brus og is) Vippps #90572 |
Kl.09.00- 12.00: | Valfri start i mosjonsklasse. Alle under 10 år må vere i følgje med vaksne. Normalt startar mosjonistane rundt kl 11 men for dei som vil rekke konserten opp på Veten kl 12.30 bør ein nok starte litt før. |
Kl.11.30 | Enkel kiosk opnar oppe på Veten. Sveler, sjokolade, brus og kaffi/kakao (Vipps #90572) |
Kl.12.30: | Starttid konkurranse pulje 1 over 40 minutt |
Kl.12.30 | JUBELBRUS med Good Time Charlie oppe ved Vetehytta |
Kl.13.00: | Starttid konkurranse pulje 2 under 40 minutt |
Kl.14.00: | Premieutdeling på Veten og opning av den nye dagsturhytta Vetehytta |
OBS!! Husk kr 50,- til parkering. Kun kortbetaling eller Vipps.
Reglar
- Konkurransedeltakarane må ha sekk med minimum 2,5 kg på ryggen. Det vert kontrollveging på toppen, og avvik inntil 0,5 kg fører til tidsstraff på 2 minutt. Er sekken under 2 kg vert deltakaren diskvalifisert. Deltakarane må sjølve bere med seg kle og mat for turen (både opp og ned.)
- Sko med skarpe piggar er forbode.
- Stavar er forbode i konkurranseklasse.
- I konkurranse er maks deltakartal 199 (100 i pulje 1 og 99 i pulje 2)
- Startnr med tidtakarbrikke skal vere festa godt synleg på brystet. Avvik kan føre til diskvalifikasjon.
- Aldersgrense: Deltakarar i konkurranseklassa må fylle 14 år i løpet av kalenderåret (nytt av året 2019). Yngste deltakarklasse 14-16 år må automatisk starte i pulje 1 uavhengig av forventa slutt-tid. Korrekte opplysningar må leggast inn ved påmelding.
Kontaktinformasjon
|
mob 900 60 188 |
|
mob 909 52 634 |
Premiar
Følgande pengepremiar for totalplassering gjeld for både kvinner og menn i samband med 15-års jubileum 2019:
1 premie: kr 15.000
2 premie: kr 8000
3 premie: kr 5000
I tillegg vert det utbetalt kr 15.000 for ny løyperekord for både kvinner og menn.
Alle klassevinnarar får kr 500,- i pengepremie.
Løyperekordar
- Menn: John Sombol 25 min 28 sek (2009)
- Kvinner: Eli Anne Dvergsdal 31 min 20 sek (2015)
- Beste nasjonale tid er det Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som oppnådde i 2015 på 25 min 50 sek
Servering / Overnatting
Knutholmen Restaurant og Pub AS - tlf. 57 79 69 00
www.visitbremanger.no
Farmen - tlf. 57 79 59 10
Havly - tlf. 57 79 21 30
Anna
- Parkering ved Grotlesanden: 50 kr pr. bil (hugs kontantar)
- Kart over løypetrassê og startområdet finn du her
- Det vert 2 drikkestasjonar undervegs og ein på toppen.
- Røde Kors vert plasserte langs løypa.
- Dusjing etter løpet kan gjerast på klubbhuset ved Bremanger Stadion.
- Alle som vil bli registrerte med tid , må delta i konkurranseklasse.
- Deltakarane konkurrerer i klassar delt etter alder og kjønn:
D14-16, D17-22, D23-34, D35-39, D40-44, D45-49, D50-54, D55-59, D60-64, D65-69, D70-74, D75-79, D80+.
H14-16, H17-22, H23-34, H35-39, H40-44, H45-49, H50-54, H55-59, H60-64, H65-69, H70-74, H75-79, H80+.
Alle som fullfører er vinnarar av Vetenmedaljen, som dei får ved målgang på Veten. I tillegg får alle utdelt Vetenløp-buff.